Sidan det utenkjelege hende fredag ettermiddag har Unge Venstre fått mange henvendingar. Rundt 40 har meldt seg inn, og fleire passive medlemer spør korleis dei kan engasjera seg og bli meir aktive. Andre har lurt på om dei kunne bli med på Unge Venstres sommarleir på Hove, sjølv om påmeldingsfristen var gått ut. Dette medan lika enno låg varme på Utøya.
Også dei andre ungdomspartia fortel om stor pågang. Dette fortel meg at mange opplevde terroråtaket som ein vekkjar om at likesæle ikkje held – at det ikkje er godt nok å sitja på gjerdet. For å slå ring om demokratiet, må me delta i det. For å hegna om det opne samfunnet, må me bruka dei sjansane det gir til å visa engasjement og til å diskutera samfunnsspørsmål med politikarar og andre ungdomar. Å vera med i eit ungdomsparti og reisa på politisk sommarleir, er nokon av måtane me kan gjera dette på.
Nokon har lagt mykje vekt på at Breivik for nokre år sidan var medlem i Frp og FpU. Det meiner eg er feil fokus. Langt meir relevant er det at Breivik meldte seg ut av Frp og FpU, då han tok avstand frå demokratiet og dei verdiane som politisk arbeid føreset. Den einaste måten å endra samfunnet på, meinte han til slutt, var gjennom ekstreme valdshandlingar.
Me som er med i politiske parti og ungdomsorganisasjonar, trur på det motsette: me trur me kan vera med og endra samfunnet til det betre på fredelege måtar, gjennom politisk arbeid. Når me får nye medlemmar og fornya støtte, får me også større høve til å visa at dette verkeleg er mogleg. Då kan me påføra Breivik og hans ideologi nye, store tap i tida framover.
Om den retoriske tonen i valkampen kjem til å bli meir respektfull og neddempa, er det ikkje berre fordi sorga og sjokket framleis sit i oss. Det er også fordi me har fått ei fornya forståing for verdigrunnlaget me deler på tvers av alle politiske skiljeliner. Alle ønskjer eit betre samfunn bygd på respekt og omtanke for kvarandre, og me ønskjer å bruka demokratiske verkemiddel for å koma dit. Dét er substansielt, sjølv om me har ulike oppfatningar om korleis eit betre samfunn skal sjå ut.
Demokratisk politikk føreset nemlig eit verdigrunnlag. Vald og hat er negasjonar av dette verdigrunnlaget, og er dermed det motsette av politikk. Det er legitimt å ytra ulike syn i spørsmål om innvandring, integrering og fleirkultur, også etter dette, og ingen politiske syn bør forvekslast med terrorsympatiar. Om me skulle ha avslutta den opne debatten om dette, ville dét også vore å gi ein siger til terroren. Men hat har ikkje ein legitim plass i demokratisk meiningsutveksling, og det har me også eit ansvar for å seia frå om. Hat gir næring til meir hat, og i siste instans til vald.
Tusen små lys blir tente i det svartaste mørkret av alle som no engasjerer seg, viser omsorg, og deltar i demokratiet og det opne samfunnet for å markera avstand og avsky mot all ekstremisme.