Høgre har i kveld avklart at dei vil gå i forhandlingar med Ap om å innføra datalagrinsgdirektivet i norsk lov. Medan eg les om DLD-striden, som har gått høgt i norsk politikk over lang tid, kjem eg stadig til å tenkja på idékampane som låg bak framveksten av den klassiske liberalismen.
Thomas Hobbes, grunnleggjaren av moderne politisk teori, såg på midten av 1600-talet korleis mangelen på ei etablert statsmakt under den engelske borgarkrigen gjorde skapande verksemd umogleg. Slike situasjonar førte samfunnet tilbake til naturtilstanden, den grunnleggjande førpolitiske tilstanden til samfunnet – amoralsk og anarkistisk, makthierarki og ordenslover. Strid om knappe ressursar gjorde livet i naturtilstanden til ein kamp for å overleva, ein alles kamp mot alle, med den frykta og mistilliten det ber med seg.
Men Hobbes såg òg hadde potensialet til noko anna og betre enn naturtilstanden. Han såg føre seg at desse primitive borgarane med tida gjekk saman om å danna ei samfunnskontrakt og oppretta ein suveren stat – ein felles maktinstans som kunne iverksetja ro, orden og gode samarbeidsvilkår mellom individa. Her ligg impulsane til liberal tenking tydeleg for dagen: Statens makt er grunngitt av folkets interesser, ikkje gudeleg autoritet.
Men Hobbes har ei anna, skumlare side. Staten – leviathan, som Hobbes kalla han – skulle ivareta sikkerheit for ein kvar pris. Alt var betre enn naturtilstanden, og for å unngå tilbakefall måtte statsmakta vera absolutt og udelt. Suverenen måtte til ei kvar tid kunna ta i bruk alle midlar som var nødvendige for å sikra seg mot kriminalitet og komplott.
John Locke, ein liten generasjon etterpå, bygde vidare på det kritiske, egalitære potensialet i Hobbes si tenking. Han meinte at dei moralske rettigheitene som borgarane danna samfunnskontrakta for å beskytta, også måtte setja grenser for kva staten sjølv kunne utretta. Ein uinnskrenka stat, slik Hobbes ville ha, vil i praksis kunna bli mange gonger verre enn naturtilstanden staten var meint til å erstatta.
For å kunna ivareta vår fridom og moralske likeverd, må den politiske makta i samfunnet vera delt og konstitusjonelt begrensa, sa Locke. Dermed var grunnlaget for den politiske liberalismen lagt, med dei følgjer det ville få både for politisk teori og praksis utover 1700- og 1800-talet.
Usemja mellom Hobbes og Locke er framleis relevant i dag. Det finst alltid og overalt ei grense for når statsmakta går frå å vera løysinga på eit problem, til sjølv å bli ein del av problemet. Jo større myndigheit staten får – jo meir staten reelt står i makt til å gjera overfor borgarane – di nærare kjem han til denne grensa.
Staten sitt primære føremål ligg i å ivareta fred, sikkerheit og tryggleik i samfunnet innanfor dei ramene som blir sett av individa sine mest grunnleggjande interesser og rettigheiter. Med Datalagringsdirektivet, og ei rekkje av dei andre antiterrorlovene som er innført rundtom i verda dei siste ti åra, har me etter mitt syn kryssa ei grense i så måte. Når all trafikkdata om mobil- og internettkommunikasjon mellom borgarane skal lagrast, går dette openbart i strid med personvernet og snur uskuldspresumpsjonen på hovudet.
Forsvararane av direktivet bruker klassisk, hobbesiansk argumentasjon: politiet treng “verktøy” i kampen mot alvorleg kriminalitet, for å hindra at Noreg blir ynglestad for terroristar og barnepornosirklar. Dei “verktøya” det er snakk om, er altså privat kommunikasjon mellom vanlege borgarar. Om ikkje dette skal vera ei verna sone, kor går då grensa mot statens makt? Og kva for potensial for misbruk og føremålsutgliding ligg det i at all denne dataen blir samla? Kan me stå i fare for å setja oss i ein situasjon der staten kontrollerer borgarane meir enn omvendt?
Den italienske idéhistorikaren Norberto Bobbio har sagt at Hobbes først og fremst må reknast som ein klassisk konservativ. Locke, derimot, blir sett på som den første sanne liberaleren. Den prinsipielle usemja mellom Høgre og Venstre i debatten om datalagringsdirektivet i 2011, har med andre ord røter tilbake til 1600-talet.
Den gongen var det, over tid, dei liberale synspunkta som vann fram. Eg håpar det same før eller seinare kan skje i dag òg.

Viva!
Meget god kommentar, Runar! Du viser hvorfor vi ikke skal la oss overraske over Høyres krumspring i denne saken.
Veldig bra, Runar!
[...] konflikten mellom Venstre og Høyre om DLD som en konflikt mellom Locke og Hobbes. Les bloggposten her. Kategori(er): Kort sagt, Overvåking, [...]
Dette var en sterk fremstilling av det ideologiske grunnlaget. Venstre bygges sten på sten som det tydelige liberale partiet i Norge. Høyre er avslørt.
[...] hundre tusen årlige registreringer pr. innbygger. Er det noe i nærheten av personvern? Bloggeren Runar Bjørkvik Mæland sier det slik: Staten sitt primære føremål ligg i å ivareta fred, sikkerheit og tryggleik i samfunnet [...]
Herlig refleksjon og tatt på kornet