I Noreg har me allmenn verneplikt: alle myndige menn pliktar å gjera eitt års teneste i Det norske forsvaret. For dei som nektar å gjera slik teneste av prinsipielle årsaker, finst det ein sanksjon: Sivilteneste.

Å gjera sivilteneste er trivelegare og meir verdig enn å sona i fengsel, slik militærnektarar gjer i mange andre land. Sivilarbeidarar jobbar i frivillige organisasjonar, på skular og ungdomsklubbar, og har etter mange års kamp opparbeidd seg nokolunde like rettar som dei som gjer militærteneste. Likevel skal det vera klart at det er dét som er føremålet med institusjonen: å sørga for at militærnekting kostar, at det har konsekvensar å seia nei til førstegongsteneste.

Ein kan spørja seg om denne sanksjonen har nokon praktisk funksjon når så det er så få som faktisk gjennomfører militærtenesta. I dag er det først og fremst Forsvaret som seier nei til ungdom, ikkje ungdom som seier nei til Forsvaret.

Sjølv sa eg i si tid nei. I 2007-2008 gjorde eg sivilteneste som journalist og redaktør i militærnektarmagasinet Balder. Det var ei super tid på mange måtar. Eg fekk møta svært mange dyktige og ivrige  sivilarbeidarar landet rundt, og fekk svært godt inntrykk av i alle fall nokre av dei tilsette i Siviltenesta. Trass i dette blei eg meir og meir skeptisk til Siviltenesta som institusjon, og i det siste bladet eg gav ut skreiv eg ein leiarartikkel der eg argumenterte for at heile greia burde nedleggjast.

No har stortingsgruppa til Ap landa på det same standpunktet, delvis av dei same grunnane. Jan Bøhler seier til VG at Siviltenesta har overlevd sitt føremål, at tiltaket kostar, og at pengar spart er pengar tent. Dette skulle vera nokså rimeleg.

Ein sivilarbeidar og ein lærar, begge med gode erfaringar med sivilarbeidarane sitt antimobbearbeid, argumenterer i artikkelen for at tenesta bør oppretthaldast, fordi ho har positiv nytteverdi for samfunnet. Det siste kan det vera ein del rett i. Standpunktet deira viser likevel manglande prinsipiell tenking og politisk kreativitet.

Siviltenesta sitt førebyggjande arbeid i skulen er organisert i VOKT-tenesta, som også har fått positive eksterne evalueringar på at det fungerer etter føremålet. Det er i så fall heilt uvurderleg – me må sjølvsagt jubla for alle tiltak me veit kan bidra til å stansa mobbing, vald og konfliktar i skulen.

Men om denne tenesta fungerer så bra, kvifor skal det då berre vera ope for folk som nektar militærteneste? Om tiltaket er bra i seg sjølv, er det idiotisk at det skal vera organisert som ein sanksjon mot pasifistar.

Om VOKT var organisert som eit frivillig ungdomsarbeidarkorps, som ei positiv moglegheit for all motivert ungdom, ville det utvilsamt fungert betre for alle partar: inntak, tenestetid og opplæring kunne skreddarsyast til skulane sitt behov, staten kunne gått ut og reklamert for tenesta, og ungdomane kunne sleppa å forholda seg til reglar som er henta frå militærtenesta. Om me gjorde det slik, ville me ikkje ha spart inn like mykje på statens utgifter som Bøhler ser føre seg. Men det er uansett ikkje snakk om store pengane, og det er all grunn til å tru at førebygging løner seg på sikt.

Ein kvar militærnektar bør prinsipielt vera for å avskaffa siviltenesta. Me bør vera mot at dei ønskjer å tvinga oss inn i militærteneste i utgangspunktet, og me bør vera mot at dei skal ha sanksjonar mot oss når me strittar imot. Ap skal difor ha kred for at dei løftar denne saka. Men det bør ikkje ha som følgje at det positive arbeidet som skjer gjennom siviltenesta forsvinn frå norske skulegardar og fritidsklubbar.