Ordet “parlament” kjem frå italienske “parlare”, som tyder å snakka. Ordet er passande, for er det éin ting det er sikkert at dei gjer, parlamentarikarane våre, så er det å snakka. Men er det meiningsfulle ordskifte som føregår på Stortinget? Snakkar dei med kvarandre, til kvarandre eller forbi kvarandre? Fører dei diskusjon, krangel eller berre spel for galleriet?
I Politisk idéhistorie på UiB har me nyss lært om Carl Schmitt, ein framtredande tysk jurist under både Weimar-republikket og Det tredje riket. Han tok opp grunnleggjande problemstillingar i det liberale demokratiet på ein måte som har vore både djupt kontroversiell og sterkt innflytingsrik.
I Die geistesgeschichtliche Lage des heutigen Parlamentarismus frå 1923 sporer han parlamentarismen tilbake til sin opphavelege og berande idé: openheit og diskusjon. Denne idéen, seier han, kviler på ei liberal, rasjonalistisk førestelling om at sanning og rettferd naudvendigvis vil bryta fram av ein open konkurranse mellom meiningar.
Schmitt definerer diskusjon som noko anna enn forhandlingar om kompromiss eller skuggeboksing om sanninga: genuin diskusjon føreset at deltakarane vil la seg styra av fornufta, bruka rasjonelle argument for å overtyda motparten og la seg bli overtydd om andre har ei betre sak. Parlamentet sin funksjon skulle vera å samla representantar for folket til diskusjon om alle viktige samfunnsforhold med det felles beste for auga. Openheit innebar at utøvande makt skulle stillast ansvarleg overfor parlamentet, for å hindra at saker skulle bli unndratt parlamentarisk diskusjon. Dette var sjølve føresetnaden for at dei beste argumenta kunne vinna fram og gi grunnlag for gode lover.
Idealet er til å kjenna igjen frå vår eigen kontekst. Det skorta ikkje på optimismen då Johan Sverdrup sa at “i det øieblik, at al makt og kraft samles her i denne sal til afgiørelse af samfundets høieste og vigtigste anliggende, gaar der en stor vækkelse ud over landet”. I dag har me mellom anna reglar for parlamentarisk språkbruk, som vel er tenkt å sikra at samtalen føregår på ein opplyst og sakleg måte, slik at ein kan nå framgang i sak gjennom diskusjonen.
Dette var altså idealet. Men slik Schmitt såg det har den faktiske utviklinga av samfunnet, med framveksten av massedemokratiet og partisystemet har gjort at denne idéen er milevidt ifrå mogleg å realisera, og han deklamerte at det parlamentariske systemet var i djup krise.
No treng me heller ikkje gå inn for diktatur, slik Schmitt etterkvart gjorde, for å sjå avstanden mellom eit slikt ideal og det som faktisk føregår i parlamentet vårt i dag.
Schmitt såg som teikn i tida at dei faktiske avgjerdene blei tatt i lukka rom utanfor plenumssalen i parlamentet, medan representantane blei til talerøyr for partiet eller særinteresser heller enn deltakarar i ein opplyst diskusjon med folket sitt beste for auga. I vår tid blir parlamentet med jamne mellomrom omtala som ei pølsebu utan eigentleg innflyting på politikken som blir ført, og der parti-ideologisk ordkrig, personlege markeringar eller krav frå interessegrupper dominerer ordskiftet. At ein representant skal overtyda ein annan i sak, verkar utenkjeleg.
Når den berande idéen bak parlamentet ikkje lenger er gyldig, har institusjonen mista sin legitimitet, sa Schmitt i si tid. Kva skal me seia i dag? Om me anerkjenner diskrepansen mellom ideal og røyndom, kan me gjera tre ting: me kan gjera som Schmitt, seia opp gi opp idéen og opna vegen for alternativ; me kan justera ambisjonane ned til noko meir oppnåeleg; eller me kan forsøka å endra praksisen slik at me kjem nærare idealet.
Dei to siste er definitivt mest tiltalande, og me bør vel kunna gjera noko av begge. Men kva, og korleis?
Her er det fritt fram for lesaren å ta opp tråden, så skal eg prøva å følgja opp spørsmålet meir seinare.
[...] propos parlamentarismens ideal og røyndom: Eg kom over denne kronikken av Kristin Clemet i gårdsdagens Aftenposten, der ho skriv at Noreg i [...]