Det er litt sprøtt å tenkja på: den nye mobiltelefonen min er laga av resirkulert plast. Det som ein gong var vanlege drikkeflasker er no eit høgteknologisk produkt med WLan, skritteljar, innebygd Facebook-applikasjon og 5 megapiksels kamera.
Vidunderet er laga av Sony Ericsson, og er med i Greenheart-serien deira av mobiltelefonar med økologisk profi. I tillegg til at plasten går inn i ein krinslaup, er lakken vassbasert, emballasjen minimert, ladaren energieffektiv. Energiforbruk, ressursuttak og kjemikalieutslepp blir dermed ganske vesentleg redusert.
Det kule er at eg ikkje visste noko av dette då eg såg meg ut telefonen i hylla på Elkjøp. Han merka seg ut ved eit elegant og praktisk design med deilige, breie knappar, og var dessutan den billegaste modellen dei hadde inne med WLan, så eg hadde kjøpt han uansett.
Mobiltelefonen fortel om to viktige ting. Det eine er at det i dag finst mange nok miljømedvitne forbrukarar til at det løner seg å utvikla miljøvenlege produkt retta mot desse; det andre at det er teknologisk fullt mogleg å laga avanserte produkt på ein måte som skånar miljøet, og utan at dei dermed tapar noko i kvalitet, design, brukaroppleving eller pris.
Begge delar er i utgangspunktet udelt positivt, men stiller også opp eit viktig dilemma. For når Sony Ericsson lagar nokon få, spesielle “miljø-mobilar”, innrømer dei jo indirekte at dei andre mobilane deira skadar miljøet. Selskapet demonstrerer at det går an å laga fullgode, konkurransedyktige telefonar på miljøskånsomt vis, men vil ikkje overføra teknologien til resten av produktlina si.
Men optimismen bør sigra over kynismen. Greenheart-mobilane viser jo likevel at ein grønare økonomi med miljøvenlege produksjonsformer er innan rekkevidde, og det kan tena til positiv inspirasjon både for forbrukarar og andre produsentar. I første omgang kan me håpa på konkurranse om kven som tilbyr dei beste miljømobilane; sidan kan me få konkurranse om kven som har dei mest miljøvenlege mobiltelefonane over heile produktlina.
For mange er det blitt trendy å tenkja miljø, og det har produsentar fått med seg. Det er kjempebra at det me kan kalla livsstilsmiljøvernarar pressar selskap til å tenkja nytt og grønt ved å etterspørja produkt som ikkje skadar miljøet. Men utfordringa no er å få omtanken for økosystemet me er avhengige til å bli gjennomgripande.
Eg trur me kan ha eit kapitalistisk, høgteknologisk samfunn som skåner naturmiljøet og klimaet og som er betre og kulare enn det me har i dag. Då trengst det gjennomgripande strukturelle endringar i korleis me produserer og handlar varer, forflyttar oss og samhandlar. Det er langt dit, og mange har eit ansvar undervegs. Sony Ericsson gir eit lite, men handfast og godt bidrag som kanskje gjer at fleire kan få trua på at det er mogleg å nå fram.
Så må ein håpa at ingen seier seg nøgde, men at initiativet spreier seg.