Verdslitteraturen låg under juletreet. I alle fall nokre gode smakebitar: klassikarane Moby-Dick, Mrs Dalloway og Heart of Darkness, og den nyare Gentlemen of the Road.
Gentlemen, skriven av Pulitzer-vinnar Michael Chabon, gjekk som følgjetong i New York Times i 2007. Eg blei ferdig med boka alt andre juledag. Dette er noko så sjeldant som ei medrivande eventyrforteljing, om to omreisande bandittar i Kaukasus rundt år 950 som viklar seg inn i ein blodig politisk konflikt om kravet på trona i det gamle, jødiske kongeriket Khazaria. Ta med nokre krigselefantar, horer og brutale vikingtokt, så har du sjølve oppskrifta på ei god bok, meir eller mindre.
Språket er rikt og forma elegant, men Chabon er mest av alt oppteken av å fortelja: klassisk historieforteljing som gir spenning, kunnskap og røyndomsflukt i ei god blanding. Det er ikkje ofte samtidsforfattarar skriv slike bøker, så historisk orienterte og så lite introspektive. Eg liker det.
No er det Moby-Dick som står for tur – denne kvitkvalen av ein roman, 750 sider lang og med ein posisjon i den litteratur- og kulturhistoriske horisonten vår som få andre. Eg kjenner til historia om den opprivande jakta på ein mytisk kvitkval gjennom referansar i alt frå Donald-historiar til heavy metal (Mastodon gav ut eit fantastisk konseptalbum som krinsar rundt tema frå Moby-Dick), og ho er ein like opplagt del av det kollektive medvitnet vårt som nokon fiksjon. Eg har også forstått at boka knyter an til djupt eksistensielle, menneskelege tema som få andre.
Det slår meg at eg er tiltrekt av romanen Moby-Dick litt på same måten som Ishmael i boka er tiltrekt av kvalen Moby-Dick. Eg har framfor meg eit overveldande stort hav av litteratur som nærmast ligg der og ropar på meg. I dette havet finst så denne enorme, mektige romanen eg har høyrt så mykje om, og som vekkjer i meg ei trang til å utforska, oppdaga og overvinna. I møtet med dette veldige kan eg, her eg ellers tumlar rundt i det små, få eit innblikk i dimensjonane som utspeler seg her i livet, for betre eller verre.
Ja, eg har ei slags fascinert ærefrykt overfor stor kunst. Det gir stor fallhøgd, og det står igjen å sjå om Moby-Dick og seinare dei andre gamle klassikarane innfrir lovnadene sine og viser seg som noko meir enn berre vanleg tidtrøyte.