Det sjølvtitulerte debutalbumet til London-bandet The xx er eit av årets flottaste: ei samling av gripande, stillfarne songar kledd i eit nake lydbilete som framhever smekre detaljar og forsiktige skifter i energi og stemning, og bergar det som lett kunne blitt ei keisam affære. Det tok litt tid frå eg først høyrte på nokon av songane på Spotify til alt dette blei openberra for meg – det er typisk slik plate som treng litt tid på seg.
Så, ei tid tilbake, kjøpte eg skiva i fysisk format på Platekompaniet, og eg blei med eitt meir glad i henne enn nokon gong før.
Samlinga mi tel no ein stad mellom 550 og 600 CD-plater, akkumulert sidan eg ein gong i ungdomsskulealder bestemte meg for å samla alle platene med dåtidas favorittband Red Hot Chili Peppers. Eg er glad i det fysiske formatet: det stadfestar albumet som heilskapleg og einskapleg verk med eit bestemt kunstnarisk fokus, og dermed noko meir enn berre samlingar av vilkårlege enkeltspor spelt inn på same tid. Dessutan gir det ei spesiell eigarskapskjensle til musikken: har eg kjøpt eit plate, er det “mi” plate, og eg får med ein gong etablert eit nærare og meir varig forhold til henne. At CD-plata gir betre lydkvalitet og dermed lar musikken koma meir til sin rett enn gjennom andre medium, skal me heller ikkje kimsa av.
Men noko har hendt. Det eine er at eg ikkje har like mykje pengar som heiltidsstudent som då eg var tillitsvalt sivilarbeidar. Det andre er at den veksande platesamlinga utgjer ei større og større logistisk utfordring. Eg orkar ikkje tanken på større flyttelass!
Det tredje som har hendt – i eit påfallande samantreff med det føregåande – er at alternativa til fysisk CD-samling raskt er blitt betre enn nokon gong. Eg forstod tidleg at Grooveshark og Spotify var fortreffelege kanalar for å få sjekka ut enkeltspor; tanken på at dei kunne bli reelle erstatningar for ei vidare eskalering av CD-samlinga slo meg først då eg stod på Platekompaniet ein dag i sommar og kika nettopp på The xx på tilbodshylla.
Plata hadde då nett fått ei svært fordelaktig melding hjå Pitchfork, og eg hadde veldig lyst til å sjekka henne ut. Prislappen var slett ikkje fråskrekkande: 99,50 er ikkje mykje pengar for ein ny CD. Det som slo meg, var at eg for den same prisen kunne få eit månads abonnement på Spotify Premium – noko som ikkje berre innebar full reklamefri tilgang til The xx, men også til hundrevis av andre album eg hadde lyst til å sjekka ut. Eg lot plata stå igjen i butikken, og byrja gå nokon rundar med meg sjølv. Var tida verkeleg inne for ei radikal nyorientering i musikkforbruket mitt?
Etter ei tid tok eg endeleg steget over i Premium-verda. Jonathan og Roberta var ille nok; ein heil medley av Thomas Dybdahl-songar mellom spora på Fishscale av Ghostface Killah var beint fram uuthaldeleg. Sidan har eg ikkje sett meg tilbake. Ikkje berre er reklamane borte; lydkvaliteten er også merkbart betre, og no fullt på høgde med det beste i den digitale musikksamlinga mi. Og så har eg fått sjekka ut meir ny (og gamal) musikk enn kanskje nokon gong tidlegare.
Likevel vende eg no altså tilbake til Platekompaniet, og byta hundrelappen min mot The xx, slik eg ikkje hadde turt for eit par månader sidan. Eg angra like lite på dette. Plata har all den meirverdien vil ha når eg legg pengar på bordet for ein CD, slik at ho hevar den totale opplevinga av albumet.
Den monokromatiske coverkunsten står utmerka godt til innhaldet, og enno betre enn det ser ut digitalt: den kvite X’en er skoren ut av den svarte pappen, og viser mot det kvite tekstheftet. Skuggane under utskjeringa gir meir rom og liv til komposisjonen. Tekstheftet sjølv er det aller beste: tekstane er illustrerte med utydelege, fargerike bilete som understrekar formane og nyansane som finst i hjarto av songane. Det er ikkje det at det ikkje finst fargar eller lys på albumet; det kan berre ta litt tid før du finn det.
The XX hjelpte meg til fullt ut å oppdaga fordelane med den nye musikkøkonomien, bygd på digital distribusjon og fri tilgang. Samstundes slår ho fast for meg at det fysiske musikkformatet framleis har livets rett, ved at det knyter det musikalske innhaldet til ei konkret form i eit fullstendig, kunstnarisk uttrykk.