I kveld var eg på juleavslutning med studentane på instituttet. Sett bort frå den framifrå gløggen, var den filosofiske quizen eit klårt høgdepunkt. Blant den trivielle kunnskapen me blei testa i, var til dømes kva for filosofar me har bilete av rumpa til (Simone de Beauvoir), som overlevde ein dramatisk flykræsj utanfor Trondheim i 1948 (Bertrand Russell), eller som døydde etter å ha hoppa ut frå eit vindauge (Gilles Deleuze). I tillegg blei me servert følgjande logiske nøtt, som var såpass morosam å grubla over at eg sender henne vidare:
Tenk deg at du står føre to dører, og må velja å gå gjennom éi av dei. Du veit at den eine leier til den sikre død, medan den andre fører i tryggleik, men du veit ikkje kva dør som er kva. Det står også ein vakt framføre kvar dør. Du veit at den eine alltid snakkar sant og at den andre alltid lyg, men du veit ikkje kven som er kven.
For å hjelpa deg vidare har du lov til å stilla eitt spørsmål til éin av vaktane. Kva spørsmål stiller du for å få vita sikkert kva dør som er den riktige?
Prøv deg gjerne på eit svar i kommentarfeltet, så kjem eg tilbake med det nye svaret i morgon.
“Hvilken dør ville den andre vakten sagt at var døren til tryggleik?”, du går deretter i den motsatte døren. No?
Då får du riktig svar anten vedkomande vakt lyg eller snakkar sant, ja. Mathias får dagens blomst!
Kult! Hvem sin blomst?